(NPK-NTB): Janusfabrikken i Bergen har vunne ein fleirårig kontrakt om levering av ullundertøy til Forsvaret med ein maksverdi opp mot nesten 1,2 milliardar kroner.
Forsvarsmateriell har bestilt ullundertøy av typen ullfrotté og nettkledning frå den tradisjonsrike fabrikken. Kontraktsperioden strekkjer seg fram til april 2028, med moglegheit for to års forlenging.
Avtalen, med ein maksimal verdi opp mot 1,161 milliardar kroner, skal vere av dei største tekstilforsyningskontraktane i Noreg, skriv Bergensavisen.
Forsvarsmateriell la i anbodsrunden vekt på kvalitet framfor pris, men også miljøvennlege kriterium. Janusfabrikken vann anbodet i konkurranse med 11 andre produsentar.
Dette er den andre store kontrakten fabrikken får på kort tid. I februar i år vann produsenten eit anbod hos Nato verd 1 milliard kroner over fem år.
I september i fjor måtte 21 av 64 tilsette permitterast på grunn av lågare etterspurnad etter tekstil- og sportsutstyr, men no er det aktuelt å tilsetje fleire folk.
Fabrikken på Espeland har levert strikkeprodukt sidan 1895.
(©NPK)
Publisert: 27.11.2025 19:52
Sist oppdatert: 27.11.2025 19:52





