(NPK): Heile 1.160.000 menneske har teke turen opp eller ned Trollstigen i Rauma i år. Det er ein auke på tolv prosent.
Det er Åndalsnes avis som fortel om den nye rekorden, basert på trafikktal frå Statens vegvesen.
Trollstigen er ein del av fylkesveg 63 i Rauma kommune, og Geiranger-Trollstigen er ein av dei 18 nasjonale turistvegane.
Vegstrekningen vart vinterstengt i starten av november og opnar vanlegvis att i midten av mai.
(©NPK)

Publisert: 26.11.2019 13:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31