Kort fortalt

– Betal uføre for å jobbe

Det meiner økonomiprofessor.

21.12.2017
NPK-NTB: Staten bør betale uføre med restarbeidsevne for å komme seg tilbake i jobb, foreslår økonomiprofessor Magne Mogstad.
Over 323.000 personar i Noreg fekk uføretrygd ved utgangen av september, viser tal frå Nav. Ein norsk økonomiprofessor i USA foreslår at staten blir med på å betale dei som kjem seg heilt eller delvis tilbake i jobb, skriv Dagbladet.
– Våre undersøkingar viser at fleire kjem seg tilbake i arbeid når dei samtidig får behalde meir av stønaden, seier Magne Mogstad ved Universitetet i Chicago. Ein måte det kan gjerast på, er å senke skatten for ein trygdemottakar som delvis kjem seg i arbeid.
– Den trygda kunne for eksempel få 20 øre i skattelette for kvar tente krone. Då sit vedkommande igjen med meir av trygda når han eller ho er tilbake i jobb – staten betaler deg for å jobbe, seier Mogstad. Han meiner tiltaket ikkje vil bli altfor dyrt.
– Med eit slikt «jobbskattefrådrag» får vi fleire i jobb, og lågare offentlege utgifter fordi dei som kjem i arbeid, på sikt betalar meir i skatt.
Mogstad har saman med kollega Andreas Ravndal Kostøl skrive ein forskingsrapport som viser at det er ei restarbeidsevne hos mange uføre som kan aktiviserast med økonomiske verkemiddel.

Publisert: 21.12.2017 08:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40