Kort fortalt

Betale rekordmykje i inkassogjeld

Vekst første halvår.

05.10.2021

(NPK-NTB): I første halvår av 2021 vart det betalt 23 milliardar kroner i inkassogjeld. Det er ny rekord, ifølgje inkassokonsernet Fair Group.

Det er ein vekst på heile 21 prosent frå siste halvår i 2020.

– Norske hushald og norsk næringsliv har vore flinke til å gjere opp for seg gjennom pandemien og har betalt nesten 64 milliardar kroner i inkassogjeld dei siste 18 månadene, seier dagleg leiar Christian Aandalen i Fair Collection.

Ved utgangen av juni var det 6,3 millionar uløyste inkassosaker her til lands, noko som er fem prosent fleire enn ved utgangen av fjoråret.

(©NPK)

Publisert: 05.10.2021 10:59

Sist oppdatert: 05.10.2021 11:01

Mer om