(NPK): Dei siste tre åra har nærbutikkar i distrikta fått 125 millionar kroner frå staten til investeringar som skal gi innbyggjarane eit betre servicetilbod.
– Daglegvarebutikkar er ein viktig del av kvardagen i Distrikts-Noreg. Regjeringa er oppteken av at små butikkar vert rusta opp slik at dei kan gi eit endå betre tenestetilbod til lokalsamfunna sine. Det er eit mål å byggje opp under det sterke lokale engasjementet som butikkdrivarane og kundane viser rundt om i Noreg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
I fjor fekk 222 nærbutikkar 43 millionar kroner i statleg støtte til investeringar i butikk eller drivstoffanlegg. Det er ny rekord for Merkur-programmet, som fordeler midlane på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Programmet arbeider for at distriktsbutikkane skal vere lokale servicesenter, med post, tipping, apotekvarer, lokal mat, kommunal informasjon, sal av drivstoff, turistinformasjon og liknande. Slike tilleggstenester gir butikken fleire bein å stå på, samtidig som folk på bygda får eit betre tilbod.
Merkur-programmet driv opplæring av nye kjøpmenn og aktiv bedriftsrådgjeving gjennom konsulentar over heile Noreg. Målet er at kjøpmannen skal utvikle butikken sin, i nært samspel med bygda.
Tre fylke peikar seg ut når det gjeld stor investeringsvilje; det er Sogn og Fjordane, Hordaland og Nordland. Tilskota frå Merkur fordeler seg på 148 kommunar og 18 fylke. (©NPK)

Publisert: 12.02.2016 16:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48