Kort fortalt

Betre kontroll av rømt laks

Etterlyser betre overvaking av rømt oppdrettslaks.

24.11.2015
(NPK): Fleire organisasjonar har gått saman om eit brev til Fiskeridirektoratet der dei ber om meir presis, skånsam og målretta overvaking av rømt oppdrettslaks.
I brevet ber organisasjonane Noregs Grunneigar og Sjølaksefiskarlag, Sjømat Norge og Elvene rundt Trondheimsfjorden om eit møte med Fiskeridirektoratet for å drøfte overvakingstiltaka for rømt laks i elvane, fortel . Organisasjonane meiner overvakinga av rømt oppdrettslaks i Noreg ikkje er god nok.
– Erfaringa vår viser oss at dagens overvakingsmetodar, som er grunnlaget for tiltak, ikkje er tilstrekkelege. Derfor ønskjer vi no å gå saman og finne dei beste metodane, uttaler Torstein Rognes i Elvene rundt Trondheimsfjorden i ei pressemelding.

Publisert: 24.11.2015 20:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50