Kort fortalt

Billegaste straum på 15 år

Sein snøsmelting og mykje nedbør gjorde straumprisane i tredje kvartal til dei lågaste i Noreg sidan 2000.

15.10.2015
(NPK-NTB): Snittprisen for tredje kvartal var på 11 øre per kilowattime.
– Det er under halvparten av kva straumen kosta for eitt år sidan, og det lågaste prisnivået for eit kvartal sidan år 2000, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
I juli var det svært lite vatn i magasina, men no er dei nesten fulle. Aldri før har NVE sett så stor auke i magasinfyllinga på eitt kvartal.
– I byrjinga av juli låg det heile 30 terawattimar energi lagra som snø på fjellet. Det svarar til omtrent ein firedel av straumen vi produserer på eitt år. I tredje kvartal smelta det meste av dette, og i tillegg regna det mykje i Sør-Noreg, seier Sanderud. (©NPK)

Publisert: 15.10.2015 09:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50