Kort fortalt
Bilpleie konkurs snautt år etter oppstart
Hadde ti tilsette.
Marius Rosbach
24.05.2024
Møre og Romsdal tingrett opna torsdag konkurs i Moa Bilpleie i Ålesund.
Selskapet som blei registrert i august 2023 har endra namn to gonger sidan då, men rakk ikkje levere rekneskap før selskapet melde oppbod på til tingretten.
Det var gjeld på kring ein halv millionar og berre mindre verdiar i buet, skriv Sunnmørsposten.
Selskapet har hatt ti tilsette som ifølgje avisa er sagt opp.
Første skiftesamling er 1. juli og bustyrar er Trond Svinø.
Publisert: 24.05.2024 16:02
Sist oppdatert: 24.05.2024 16:02