Bohus tilbake til Ørsta-Volda
Etablere seg i Furene.
- Vi har lenge ynskt å etablere oss her igjen, og særleg då her i Furene, som er eit fantastisk knutepunkt: Kort veg til Volda og Ørsta, og det er heller ikkje langt til Ulstein-regionen og Stryn, seier driftsdirektør i Bohus-kjeda, Henrik Berg, til Møre-Nytt.
Skeidar-butikken i Hovdebygde var Bohus-butikk til for 19 år sidan, då eigarane skifta kjede. Etterpå har ikkje Bohus hatt butikk i Ørsta-Volda.
Bohus skal flytte inn i eit bygg selskapet Furutunet har under bygging i Furene. Martin Brænne og familien er største eigar i Furutunet. Brænne har hatt ei sentral rolle i utviklign av Furen som industri- og handelsområde.
Det nye bygget til 73 millionar kroner skal huse butikkjeda Jula i første etasje og Bohus i andre. Bygget skal vere ferdig til påske 2024.
Publisert: 05.10.2023 09:58
Sist oppdatert: 05.10.2023 09:58