(NPK): Femdoblinga av importen av meierivarer på femten år får bondeorganisasjonane i Noreg til å reagerer.
Dei krev no at regjeringa ikkje gir eitt einaste kilo i auka tollfrikvote i forhandlingane med EU om handel med landbruksvarer, skriv Nationen.
– På sentrale landbruksvarer som mjølk og kjøt har me absolutt ingenting å gi. Det er den klare forventninga vår til regjeringa ut frå målet om auka matproduksjon. Her kjem me til å fotfølgje politikarane, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag til avisa.
Importen av meieriprodukt er femdobla sidan år 2000. Noreg går glipp av fire milliardar kroner i verdiskaping som følgje av importen, viser ei utgreiing frå AgriAnalyse.
EU har i forhandlingar med Noreg fått gjennomslag for å auke tollfrikvotane på ost. Det har medverka til veksten i importen, som i fjor var på 12.000 tonn. Eksporten av ost frå Noreg til EU har vore stabil dei siste åra og ligg på 2.000 tonn.

Publisert: 05.11.2015 09:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50