NPK: Boreal Sjø AS og Statens vegvesen har signert kontrakten om drifta av ferjesambandet Molde – Vestnes på E39 i Møre og Romsdal. Boreal vann kontrakten verdt 1,9 milliardar i april.
Det betyr at ikkje førte fram.
Kontrakten har oppstart 1. januar 2021 og gjeld for åtte år med moglegheit for å forlenga den med inntil tre år.
Reiarlaget peikar i ei pressemelding på at dei fire ferjene som skal trafikkera ruta, vil gi ein betydeleg reduksjon i CO2- og NOx-utslepp samanlikna med konvensjonell drift.
– Boreal jobbar for at transporten skal vera så miljøvennleg som mogleg, og me skal vera ein pådrivar for framtidige berekraftige mobilitetsløysingar. Me ser fram til å vera med på å bidra i arbeidet med det grøne skiftet også i Møre og Romsdal, seier konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal.
To av ferjene skal vera heilelektriske og to skal vera hybridferjer. Det blir avgangar kvart 20. minutt på dagtid på kvardagar.
Kontrakten har ein verdi på i overkant av 1,9 milliardar kroner og det var tre reiarlag som leverte tilbod. I evalueringa blei prisen vekta 70 prosent og miljø 30 prosent, opplyser Statens vegvesen.
I år har Boreal signert kontrakt om ferjesambandet Mekjarvik – Kvitsøy i Rogaland og Tjøtta – Forvik i Nordland. Selskapet har også fått løyve til å driva ferje på strekninga Oanes – Lauvvik i Rogaland. I 2020 startar Boreal opp drift av sambanda Kvanndal – Utne, Utne – Kinsarvik og Skånevik – Matre – Utåker i Hordaland.
Boreal køyrer både buss, båt og bane, og reiarlaget har hovudkontor i Stavanger.

Publisert: 10.07.2019 13:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33