(NPK-NTB): Eit stort fleirtal av fylkesleiarane i dei borgarlege partia støtter tvangssamanslåing av norske kommunar.
Det kjem fram i ein ringerunde har gjort blant 68 av dei 75 fylkesleiarane i Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti. 51 av dei opnar for at Stortinget og regjeringa skal kunne overprøve enten lokale folkeavstemmingar eller kommunestyrevedtak.
13 av dei spurde fylkesleiarane er motstandarar av å tvinge kommunar til samanslåing, mens fire ikkje ønskjer å kommentere bruken av tvang.
I kommunalminister Jan Tore Sanners parti, Høgre, meiner dei fleste fylkesleiarane at Stortinget skal eller kan ha eit ord med i laget når dei nye kommunekarta skal teiknast. Men ikkje alle er like bastante.
– Vi må sjå an situasjonen fram til kommunane er ferdige med sine rundar. Eg vil ikkje svare på om Stortinget bør eller skal kunne bruke tvang, seier Yngve Brox, Høgres fylkesleiar i Sør-Trøndelag.
I samarbeidspartiet Frp er 14 for bruk av tvang, mens berre éin, fylkesleiar Einar Almaas i Nord-Trøndelag, er motstandar. (©NPK)

Publisert: 16.06.2016 11:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45