Kort fortalt

Bot på 10 millionar etter Ingstad-havari

Forsvarsdepartementet godtek føretaksstraff.

28.06.2022
(5NPK-NTB): Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete har gitt Forsvarsdepartementet ei føretaksstraff på 10 millionar kroner etter havariet med KNM Helge Ingstad.

Forsvarsdepartementet har tysdag kunngjort statsadvokaten at førelegget blir vedteke, men at det ikkje betyr at departementet har teke stilling til eventuell strafferettsleg skuld hos enkeltpersonar.

Straffa blir gitt for brot på straffelova for «ved uaktsomhet å ha forårsaket sjøskade eller lignende ulykke, som lett kunne medføre tap av menneskeliv», heiter det i pressemeldinga.

I mai konkluderte Riksadvokaten med at det var grunnlag for å gi Forsvarsdepartementet føretaksstraff etter fregattforliset. Den gong ville ingen av partane seie kor stor bota kunne bli.

KNM Helge Ingstad sokk etter ein kollisjon med eit tankskip i Hjeltefjorden natt til 8. november 2018. Statsadvokaten meiner aktlaus navigering var hovudårsaka til kollisjonen, og den 32-årige vaktsjefen på KNM Helge Ingstad er tiltalt for aktlaus forårsaking av sjøskade.

Rettssaka startar 16. januar neste år i Hordaland tingrett, og det er sett av åtte veker til behandlinga.

Forsvarssektoren har sidan ulykka jobba med å utbetre og rette opp det som mellom anna Havarikommisjonen har påpeika slik at ei tilsvarande ulykke skal unngåast.

Publisert: 28.06.2022 15:11

Sist oppdatert: 28.06.2022 15:15

Mer om