Den årlege innbyggarundersøkinga til politiet er no klar og her går det fram at 73 prosent av dei spurde i Møre og Romsdal har svært høg eller ganske høg tillit til politiet. Det er eitt prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet for heile landet.
- Politiet har i fleire år gjennomført ei innbyggarundersøking. Den kartlegg meiningar om og haldningar til etaten og den jobben som vert gjort. I motsetning til ein del andre samfunnsaktørar offentleggjer politiet heile talmaterialet – inkludert resultata heilt ned på regionnivå, seier politimeister Ingar Bøen i ei pressemelding.
Metodikken som vert nytta i undersøkinga denne gongen er noko endra i forhold til tidlegare år, derfor vert det åtvara mot å gjere direkte samanlikningar med tidlegare års undersøkingar.
Tidlegare vart informasjonen frå publikum innhenta gjennom telefonintervju, medan ein denne gongen har gjennomført digital innhenting av data. Dette førte til at spørsmåla måtte formulerast på ein litt annan måte enn før. Men samstundes er no datagrunnlaget mykje betre: heile 27 619 svarte, av desse var 1 825 i Møre og Romsdal. I fjor var det 7998 respondentar i den nasjonale undersøkinga og 600 av dei var i Møre og Romsdal. Datainnsamlinga er gjennomført i tida 23. november 2022 til 2. januar 2023.
- Tilliten til politiet i Norge er svært høg, men den har gått ned. I Møre og Romsdal er det 10 prosent av dei spurde som seier at dei har lågare tillit til politiet no enn for eitt år sidan, medan sju prosent seier at dei har høgre tillit. Dette gir ein nedgang på tre prosentpoeng og ingen politidistrikt har mindre nedgang, seier Bøen.
Her er nokre av dei vanlegaste grunngjevingane for at tilliten vert redusert: (ikkje spesielt knytt til Møre og Romsdal)
- Ei oppfatning omkring politiets involvering i rusmiddelpolitikken og rusreformdesbatten (NNPF).
- Fleire nylege rettskandalar/justismord der politiets etterforskning blir kritisert.
- Den generelle bevæpninga av politiet og fleire skothendingar, bruk av våpen.
- Oppfatning av negative/uønska haldningar blant tilsette i politiet, internsaker, varslingar, seksuell trakassering mm
- Oppfatningar rundt konsekvensane av nærpolitireforma
Sidan det vert åtvara mot å samanlikna tala i årets undersøking med tidlegare års materiale direkte, vil politiet brukte dagens materiale som ei null-punktstatus.
- Vi er audmjuke for det som no vert presentert. Vi ynskier å bruke dette som eit utgangspunkt for vidareutvikling med siktemål forbetring, seier Bøen.
Publisert: 23.03.2023 09:09
Sist oppdatert: 23.03.2023 09:09