The Fjords overtek den andre av tre hurtigbåtar Brødrene Aa hadde under bygging for ferjereiarlaget Norled før konkursen i fjor.
– Dette er eit nytt viktig steg i utviklinga vår. Med eit tredje fartøy på Nærøyfjorden styrker vi både kapasiteten og fleksibiliteten i tilbodet vårt. Med denne utvidinga held The Fjords fram si målretta satsing på framtidsretta og miljøvenlege løysingar, samstundes som selskapet legg til rette for vidare vekst og utvikling i åra som kjem, seier dagleg leiar i The Fjords, John Vonli i ei pressemelding.
Firda Tidend skreiv om avtalen først.
Ny start etter konkurs
Norled kansellerte kontrakten med Brødrene Aa på grunn av forseinkingar og fordi båtane ikkje oppfylte kravet til fart og energiforbruk.
Alle tre båtane skulle gå på batteri, to av dei i ruta Kristiansund-Trondeheim.
Kanselleringa gjorde at Brødene Aa melde oppbod. Aa-familien har gått inn med friske midlar og starta opp att både i Eikefjorden og ved hovudanlegget i Hyen.
Til Geirangerfjorden
Den første av dei tre Norled-båtane er bygd om til Geiranger Fjordservice, som skal bruke den på Geirangerfjorden.
No gjenstår papirarbeid for å få alle formalitetar på plass, før den andre blir tilpassa sighseeingsmarkanden og gjort ferdig hos Brødrene Aa for The Fjords. Den skal gå på batteri, og berre har eit dieselaggregat som reserverenergiforsyning i naudsfall.
Publisert: 24.03.2026 10:35
Sist oppdatert: 24.03.2026 11:33






