I 2017 gjekk Novela Outdoor inn på eigarsida i rifleskjefteprodusenten GRS Riflestock ved Grodås og vart eigar av 39,085 prosent av aksane i selskapet. Dermed fekk Haugen-familien ein stor medeigar i selskapet.
I førre veke vart selskapet atter heileigd av Haugen-familien.
– Vi såg ein sjanse til å kjøpe, og då gjorde vi det, seier dagleg leiar og medeigar Oscar Haugen til Nett No.
Han er medeigar samen med broren Håvard og faren Oddvin. Dei eig aksjane både direkte og gejnnom eigne selskap.
Kjøpet frå Novela Outdoor er gjort gjennom familien sitt eigedomsselskap NPB.
Ingen av partane bli opplyse prisen for aksjane.
Innfridde ikkje
– Den raske veksten selskapet har hatt, med relativt små ressursar, gjer oss svært optimistiske med hensyn til dei moglegheiter vi ser for vidare utvikling av verksemda, heitte det frå Novela i ei pressemelding i 2017.
Dei forventningane vart ikkje innfridd, ifølge Tom Sætremyr i Converto Forvaltning, som forvaltar Novela Outdoor.
I 2016 hadde GRS Riflestock 24,8 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 1,5 millionar kroner. Med unntak av eit fall i koronaåret 2020 var det stort sett inntektsvekst fram til 2023, då dei nådde 31,1 millionar kroner.
Underskot og nedbemanning
Lønsemda gjekk derimot feil veg, med underskot kvart år i åra 2019-2024. Tilsaman 16,8 millionar kroner i minus vart det i dei åra.
Også 2025 blei eit veldig vanskeleg år, fortel Oscar Haugen.
Selskapet nedbemanna i fjor, og har omlag 12 tilsette. Det er omlag ei halvering samanlikna med då Novela kom inn på eigarsida.
– Har fått tilbake momentumet
Utsiktene for 2026 er lysare, ifølgje Haugen, mellom anna takka vere lansering av nye produkt.
– Vi har fått tilbake momentumet vi skal ha, så 2026 blir mykje betre, seier han.
Han vil ikkje kommentere om det var feil å få Novela inn på eigarsida.
Nordvestlandske investorar
Novela Outdoor blir forvalta av Converto Forvaltning, og har fleire eigare frå Nordvestlandet.
Største aksjonær er selskapet Novela, med 41,4 prosent eigarandel. Novela har i alt 28 eigarar, mellom dei Rita Sævik, søskena Jan Endre, Ingvild og Sindre Vartdal, Jon Erik Engeset, Jogeir Romestrand , i tillegg til Converto sjølv.
Leif Arne Langøy og familien er medeigare både gjennom Novela og eieg investeringsselskap
Frå Stryn er Norva 24-medgrunnleggarane Arild Bøe og Malvin, Jan-Erik, og Ivar Loen Sandbakk medeigarar.
Publisert: 23.03.2026 11:36
Sist oppdatert: 23.03.2026 20:34






