Kort fortalt

Brdr. Aa-båt klar

Skal frakte turistar på Nærøyfjorden.

13.07.2016
(NPK): Turistbåten «Visions of The Fjords» er det største hybridskipet i karbon i verda og er endeleg klar til å frakte passasjerar på Nærøyfjorden.
Sjøsetjinga av turistbåten skjedde allereie i mai, og båten skulle etter planen i rute frå 1. juni, skriv . Sidan båten var den fyrste av sitt slag så passa han ikkje inn i regelverket, noko som førte til at oppstartsdatoen blei utsett to gonger.
Etter regelendring og fleire testturar, er båten klar for avgang fredag morgon.
– Målet er at båten skal gå fyrste turen på fredag frå Flåm klokka 10.00 om morgonen, seier dagleg leiar Rolf Sandvik i The Fjords. (©NPK)

Publisert: 13.07.2016 13:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45