Kort fortalt

Brende fekk løfte om fiskedialog med Russland

(NPK-NTB): Russland ønskjer til liks med Noreg å finne ei løysing på dei alvorlege problema norske fiskeeksportørar opplever i landet, seier utanriksminister Børge Brende (H).

20.01.2014
Norske eksportørar av laks og aure har heilt sidan 2006 hatt eit problematisk forhold til Russland og meiner seg utsette for urette skuldingar om høgt bakterieinnhald og manglande dokumentasjon på reinleik. Frå årsskiftet har den russiske veterinærtenesta også innført strenge restriksjonar for fiskeartar som torsk, sei og sild, til protestar frå norske eksportørar. Mattilsynet i Noreg stiller seg også uforståande til dei russiske påstandane om dårleg hygiene hjå norske fiskeeksportørar, og ein rapport frå det russiske konkurransetilsynet (FAS) kan tyde på at det ligg andre motiv bak dei innførte restriksjonane.
Ifølgje rapporten samarbeider russiske importørar med veterinærtenesta i landet om å stenge ute norske eksportørar som ikkje vil inngå einerettsavtalar med dei største russiske selskapa.
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) hevda i førre veke at importstansen er eit resultat av ulovleg kartellverksemd på russisk side, og då Brende måndag møtte sin russiske kollega Sergej Lavrov i Moskva blei norsk fisk eit tema. (©NPK) nils.inge.kruhaug@ntb.no

Publisert: 20.01.2014 17:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22