Brennevinsgrova i Sykkylven får bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Møre og Romsdal 2024.
Det kjem fram i ei pressemelding frå Innovasjon Norge.
Brennevinsgrova vart grunnlagt i 2019 av Harald Strømmegjerde på familiegarden i Sykkylven. I dag er bedrifta ein leiande produsent av både gin, akevitt og whisky, har fått fleire prisar for produkta sine.
Prisen frå Innovasjon Norge anerkjenn bedriftas innsats innan merkevarebygging, innovasjon og lokal verdiskaping, heiter det i meldinga.
Strømmegjerde fortel at han er takksam for anerkjenninga, og at den gir motivasjon til å fortsette arbeidet.
Regiondirektør for Innovasjon Noreg i Møre og Romsdal, Helge Gjerde, fortel at han er imponert over prisvinnaren.
– Harald Strømmegjerde har gjort ein imponerande jobb med å byggje ein sterk merkevare som kombinerer tradisjon og innovasjon. Brennevinsgrova har ikkje berre skapt produkt av høg kvalitet, men dei bidrar også til lokal verdiskaping, utalar Gjerde.
Prisen blir delt ut på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
Kvart år vert det kåra ein vinnar i kvart fylke som får tildelt 50 000 kroner. Dei fylkesvise vinnarane kjempar deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.
Publisert: 06.11.2024 10:09
Sist oppdatert: 06.11.2024 10:09