Brenneria sikra veksten
Bryggeria står stille og brenneria veks. Sjå resultatoversikt for bransjen på Nordvestlandet.
NETT NO-barometeret
Frå 2019 til 2022 har produsentane av alkoholhaldige drikkevarer på Nordvestlandet auka driftsinntektene med 75 prosent.
Det var bryggeria som var første ute. Pioneeren Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda kommune vart etablert i 2011, og fekk etter kvart følgje av fleire som satsa på å ta ein bit av den aukande etterspørselen etter øl produsert frå mindre bryggeri.
- Under vignetten NETT NO-barometeret, ser vi på korleis det går med bransjar på Nordvestlandet. Dette er sjette artikkel med utgangspunkt i 2022-rekneskapa.
Undervegs har det vore avskalingar; Grim og Gryt i Hareid gjekk konkurs i 2017, Baatbryggeriet i Vestnes avvikla i fjor og Tonga Gardsbryggeri skal også avviklast.
Opptur for brenneri
Det som har sikra veksten for produsentane av alkoholhaldig drikkevarer er først og fremst Gardsbrenneriet i Gloppen og Brennevinsgrova i Sykkylven.
Begge selskapa har meir enn dobla inntektene sine på fire år. Dei to brenneria sto tilsaman for meir enn den samla auken i driftsinntekter frå 2021 til 2022 til bedriftene i NETT NO si oversikt.
Investor
Hittil i år har Gardsbrenneriet, som lagar sider og brennevin basert på eple - delvis frå eigarane sin eigen gard - allereie hatt eit større sal enn selskapet fekk i heile 2022.
I fjor fekk grunnleggarane Jann Vestby og ektefellen Synnøve Vik Bergstad med seg Frederik W L Skarstein og familien som investor, gjennom selskapet Fres.
Skarstein, som har fritidsbustad i Gloppen, har kjent ekteparet og brenneriet deira gjennom fleire år. Selskapet gjekk inn med 10 millionar kroner i ny eigenkapital i fjor og blei eigar av 25 prosent av aksjane i Gardsbrenneriet.
Pengane skal finansiere større kapasitet for vidare vekst. Transaksjonen verdsette selskapet til 40 millionar kroner, og ein ny og mindre emisjon mot andre investorar er planlagt seinare i år, ifølgje Vestby.
- Les årets resultatsaker under tabellen
Brenneri og bryggeri på Nordvestlandet | ||||
Tal i mill. kroner | ||||
Driftsinntekt | Res. f. skatt | |||
2022 | 2021 | 2022 | 2021 | |
Gardsbrenneriet as | 9,0 | 7,3 | 0,7 | -1,8 |
Trollbryggeriet as | 3,6 | 3,8 | 0,1 | 0,3 |
Brennevinsgrova as | 3,5 | 2,3 | 0,9 | 0,8 |
Geiranger Bryggeri as | 2,2 | 2,2 | 0,4 | 0,4 |
Sider as | 1,6 | 0,9 | 0,1 | 0,0 |
Tonga Gardsbryggeri as | 1,4 | 1,6 | -0,1 | 0,0 |
Kaab Bryggeri as | 1,4 | 1,3 | 0,3 | 0,3 |
Olden Bryggeri as | 0,7 | 0,9 | 0,0 | 0,2 |
Marias Ampelos | 0,1 | 0,1 | 0,0 | 0,0 |
Haula Vineyard | 0,1 | 0,4 | 0,0 | 0,0 |
Bryggeri 514 as | 0,1 | 0,1 | 0,0 | 0,0 |
Sum | 23,6 | 20,9 | 2,4 | 0,3 |
Publisert: 07.09.2023 05:00
Sist oppdatert: 07.09.2023 08:07