(NPK-NTB): Det største havbruksselskapet i verda, Marine Harvest, produserer mesteparten av laksen sin i Storbritannia. Dermed sit selskapet igjen med meir pengar på grunn av det svake pundet.
– Vi blir meir konkurransekraftige på pris takka vere at både krona og pundet svekkjer seg. For Marine Harvest er brexit 90 prosent positivt, seier konsernsjef Alf-Helge Aarskog til .
For andre selskap som sel til Storbritannia, er ikkje den britiske utmelding av EU like godt nytt. Storbritannia er Noregs fjerde største marknad med ein eksport av sjømat til verdi av 5,1 milliardar kroner i 2015.
– Uroa i økonomien vil også kunne få negative effektar for norsk eksport av sjømat. Særleg vil norsk kvitfisk vere utsett, skriv styreleiar i Sjømat Norge Inger Marie Sperre i ei pressemelding. (©NPK)

Publisert: 27.06.2016 11:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45