Kort fortalt

"Brimøy" seld til Færøyane

Færingane er ute etter autolinebåtar med fryseri. Siste kjøpet er "Brimøy" frå Ervik Havfiske.

20.01.2014
Dette opplyser
Kjøpar er reiarlaget P/F Fossá i Sandavági, saman med P/F Varðin i Gøtu.
"Brimøy" vart bygd på Solstrand Verft i 1988 som "Atlantic Explorer", for eit kanadisk reiarlag, men vart seinare seld til New Zealand under namnet "Lord Auckland". I 1999 vart båten kjøpt til Norge som "Vestliner", seinare omdøypt til "Nordkappjenta" før båten vart heitande til "Brimøy" etter at båten vart driven i samarbeid mellom Willy Nyvoll og Bugge/Brekke familien på Kvamsøya.
No skal båten heite "Eivind" og segle under færøyisk flagg. Les meir .

Publisert: 20.01.2014 09:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22