Kort fortalt

Bråstopp for overnatting i fjor

SSB-tala viser fall på 33 prosent.

29.04.2021

(NPK-NTB): Etter fleire år med auke i talet på overnattingar var det i fjor eit fall på 33 prosent samanlikna med året før. For hotella var nedgangen over 40 prosent.

Tal frå SSBs overnattingsstatistikk viser at det var 23,7 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader i Noreg i fjor. I 2019 var talet 35,2 millionar.

Overnattingar av nordmenn fall 17 prosent, medan nedgangen for utanlandske overnattingar var heile 69 prosent. Størst reduksjon var det i talet på tyske, amerikanske og svenske overnattingar.

Etter ein god start tidleg på året, vart det bråstopp då pandemien slo inn over landet.

– I januar og februar auka talet på overnattingar samanlikna med same månader året før. Etter restriksjonane for å stanse pandemien, stoppa næringa heilt opp. Unntaket var juli, då mange nordmenn drog på ferie i Noreg, seier seniorrådgivar Jarle Kvile i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Nedgangen gjeld for alle typar innkvartering, men spesielt hotella vart hardt ramma i pandemiåret. I fjor var det 14,7 millionar overnattingar på dei norske hotella, 41 prosent færre enn i 2019.

(©NPK)

Publisert: 29.04.2021 10:49

Sist oppdatert: 29.04.2021 10:51

Mer om