Reiseliv montasje geiranger 2020 grasøya foto ogne marius 11
KRISEÅR: Geiranger (t.v.) opplevde at det var folketomt i august, men turistane vil vende tilbake til Nordvestlandet. Regionen har attraktivitet i verdsklasse, men bransjen har også utfordringar. Foto: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach
Nytt

Analyse: Kvalitet løner seg - kanskje ei krise også

Trass i at reiselivet er mellom dei verst råka av pandemien, vil bransjen truleg stå betre rusta enn nokon gong til å ta i mot gjestane etterpå.

Marius Rosbach
01.04.2021

KORONA-KONSEKVENSAR:

Utfordringane står i kø for reiselivet for augneblinken. Bedriftene og dei tilsette betalar ein høg pris i koronakrisa. Ingen bransjar har høgare arbeidsløyse på Nordvestlandet ved inngangen til våren 2021. Samtidig gjer tapte inntekter at mange bedrifter står svakare enn noko gong.

Slik er det brutale bilde av konsekvensane av pandemien for reiselivet ved inngangen til våren 2021.

Om vi ser bakom utfordringane, er det likevel fleire grunnar til optimisme. Krisehjelpa som er gitt har ikkje berre vore støtte for å halde bedriftene i live – men også til omstilling.

Dette er sjette artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Alt frå kommunar, fylkeskommunar, forskingsrådet og Innovasjon Norge har løyvd store summar. Mellom anna har NETT NO omtala korleis det blir nytta tital millionar berre i Geiranger.

Sjølv Bytoget i Ålesund som fekk heile fjoråret spolert av pandemien, trur dei kan kome styrka ut av krisa. Med støtte frå Innovasjon Norge, har dei omstilt seg og satser på drift i fleire byar framover.

Pandemien har gitt store inntektstap, men gjennom denne støtta er det også gitt eit solid kompetanseløft. Og tid for mange til å tenke seg godt om kvar ein skal vidare.

Nokre av spelereglane framover vil vere endra. Men reiselysta til folk flest vil ikkje vere knekt når vaksinane gjer at verdssamfunnet opnar seg att. Det er godt mogleg Knut Flakk har rett i sin spådom frå i fjor sommar om at turistane kjem tilbake så fort dei kan.

Bytoget ålesund cruise 111
UTVIDAR: Bytoget i Ålesund fekk spolert heile fjorårssesongen, men selskapet kan likevel stå styrka etter pandemien. No vil dei utvide til fleire byar. Foto: Marius Rosbach

Håpet må vere at reiselivsbedriftene etter pandemien er meir robuste enn før til å gi sikre – og nye – arbeidsplassar. Det er fleire grunnar til å tru at det kan vere slik.

Attraktiviteten til Nordvestlandet med verdsarvnaturen som indrefileten, bør det ikkje vere noko å utsette på. Eit nytt døme fekk vi i fjor sommar då regionen var mellom dei absolutte vinnarane av innanlandske reisemål hos nordmenn.

Den økonomiske robustheita til reiselivsklynga på Nordvestlandet bør det heller ikkje vere noko i vegen med. Sjølvsagt er det også her i regionen mange mindre aktørar, og nokre av desse vil truleg ikkje klare seg gjennom krisa. Samtidig har pengesterke aktørar som Sævik-familien, Flakk Gruppen, Roger Halsebakk sitt Ronja Capital og Wenaas Gruppen teke grep og lansert ny prosjekt, som vil vere pådrivarar for ny utvikling.

Eit fersk signal om kvar Nordvestlandet står samanlikna med resten av landet, finn vi i NHO Reiseliv sin statistikk eitt år etter pandemien slo til for alvor.

Her er reiselivsbedriftene i Møre og Romsdal dei mest optimistiske av alle landets fylker. «Berre» 27 prosent av dei spurte medlemsbedriftene svara at dei frykta det var ein reell fare for at dei ville gå konkurs. Trøysta er at alle andre fylker har til dels langt høgare tal.

Men reiselivet på Nordvestlandet har også sine utfordringar.

I fjor kom ei analyse frå Menon Economics om eksportnæringane i Møre og Romsdal. Den viste at det er mogleg å auke inntektene frå utanlandske besøkande i fylket med 50 prosent fram til 2030.

Men det var to føresetnader for å oppnå veksten: At kvaliteten blir løfta og at ein lukkast med å få gjestane til å bli lengre enn i dag.

Hotel union øye bygging 11
STORSATSING: Ved det Flakk-eigde Union Øye-hotellet blir det satsa minst 200 millionar kroner. Om kort tid blir det heilårsdrift og langt fleire arbeidsplassar her. Foto: Mariann Øye

Først litt om kvalitet.

Å velje kvalitet blir ofte forbunde med høg pris, men treng ikkje vere det. Nokre gonger har det ikkje noko med pris å gjere i det heile. For bubilturistar og hotellgjestane på Alexandra i Loen er kvalitet minst to ulike saker.

Kvalitet er med andre ord høgst subjektivt. Ein rimeleg vandrarheim kan fint «tilfredsstille brukarens krav og forventingar», som ifølgje Store Norske Leksikon er definisjonen på kvalitet.

Ei fantastisk utsikt kan vere nok til at ein leverer høgare enn venta – og at gjesten går ut døra som verksemda sin nye ambassadør. Den same opplevinga som kan vere eit minne for livet hos nokre gjestar, får andre reisande knapt til å heve blikket. Nokon vil betale for å visse fasilitetar, medan det ikkje er viktig for andre.

Uansett prisklasse er stikkordet «valuta for pengane». At dei reisande skal kjenne at opphaldet er verdt prisen når dei gjer opp rekninga. Då er det avgjerande å vite kven gjesten er – og sjølv vere bevisst på kva målgruppe ein siktar seg inn mot.

Det er lov å håpe at mange verksemder har nytta krisa til å få gode svar på dei spørsmåla.

Uteguiden skred kurs skjermdump 11 jpg
SKREDKVELDAR: Med støtte frå Innovasjon Norge har Uteguiden satsa digitalt med kurs og skredkveldar. Skjermdump: Youtube.com/Uteguiden

Så litt om varigheita på opphaldet.

Å spisse tilbodet mot betre betalande gjestar er éin måte å auke inntektene. Å få dei same gjestane til å bli lengre, er ein anna måte. Om nokon kjem til Hjørundfjorden for ein skitur, vil dei kanskje også bli ein dag, eller to ekstra for å padle kajakk, klatre, eller ete lokalmat – også vidare. Uteguiden på Stranda tenker slik - å by eksisterande kunder fleire opplevingar.

Ei anna løysing kan vere å sende dei til naboen, slik dei tenkjer ved den nye bookingsentralen Hivens.no for opplevingar for søre Sunnmøre. Slik kan fleire mindre kjente attraksjonar få nye gjestar.

Krisa har også gitt sine oppturar for reiselivet på Sunnmøre og i Nordfjord. Mange opplevde at nordmenn på tur ville betale godt for god kvalitet i løpet av nokre hektiske sommarferieveker i fjor.

Ved Hotel Union på Øye har romprisane aldri vore høgare og likevel blei dei dyraste romma tinga først. Ved Hakallegarden i Vanylven hadde dei færre folk innafor portane og to dagar stengt i veka. Likevel hadde dei høgare inntekter i juli, enn året før.

Slike lærdommar kan det bli fleire arbeidsplassar av. Og ikkje minst er det meir berekraftig enn å skysse gruppereisande gjennom ei «turistløype» på avmålt tid.

Dette er sjette artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under
Podium

E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet

Publisert: 01.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 09.04.2021 13:24

Mer om