Ein brønnbåt som låg til kai ved Fiskerstrand verft tok inn vatn tidleg tysdag, ifølgje ei melding frå politiet i Møre og Romsdal.
Ifølgje Sunnmørsposten var det snakk om Sølvtrans-båten Ronja Supporter. Ingen kom til skade, men fartøyet krenga 15-20 grader før det vart stabilisert ved hjelp av pumper, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Publisert: 06.02.2024 11:03
Sist oppdatert: 06.02.2024 11:03