(NPK): Prisen skal gå til ein kommune eller ein stad i landet som har utmerkt seg ved å drive kvalitetsmessige og estetiske opprustingar av lokalsamfunnet med mål om å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring i og besøkje.
– Målretta arbeid med stadsutvikling er viktig for å skape attraktive stader. At staden blir opplevd som attraktiv er avgjerande, både for innbyggjarane og for bedrifter og kommunar. Eg håper nominasjonsprosessen får fram mange inspirerande døme som andre kan lære noko av, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.
Juryen vil leggje vekt på at staden har tatt vare på og vidareutvikla eigenarten sin på ein nyskapande og berekraftig måte gjennom god utforming av dei fysiske omgivnadene. Ein ønskjer å sjå gode døme på interessant arkitektur og gode stads- og byplangrep som skaper tettleik og trivsel.
Prisen kan delast ut til kommunar og andre aktørar. Vinnaren får 250.000 kroner. Det er ope for alle å levere forslag. Forslaga må gi ei kort skildring av kva som gjer den foreslåtte staden attraktiv, og kva tiltak som har bidrege til dette.
Forslag skal sendast via facebook.com/norges.beste.plass Frist for å levere forslag er 23. februar 2014.
Prisen blir delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet i mai 2014. I 2013 kom det 750 nominasjonar på i alt 358 stader. (©NPK)

Publisert: 22.01.2014 15:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22