Kort fortalt

Bygdebladet-grunnleggjar er død

Kjell Opsal vart 82 år gammal.

20.12.2022

(NPK-NTB): Avisgründer Kjell Opsal er død, 82 år gammal. Han starta lokalavisa Bygdebladet på Sjøholt i Sunnmøre i 1972.

Opsal døydde 17. desember, opplyser familien.

Han starta lokalavisa saman med kona Torill i 1972. I mars i år vart han tildelt Kongens fortjenstmedalje for sitt virke i journalistikken og musikken. Så seint som 8. november var han i audiens på Slottet for å takke kongeparet for medaljen.

(©NPK)

Kjell Opsal Foto Bygdebladet 11
STOR MUSIKKINTERESSE: Kjell Opsal si interesse for trekkspelmusikk, førte til oppstart av kurs, festivalar og trekkspelorkester i heimbygda Sjøholt. Foto: Bygdebladet

Publisert: 20.12.2022 08:41

Sist oppdatert: 20.12.2022 11:23

Mer om