Boligareal As meiner Sula kommune må erstatte det økonomiske tapet dei har hatt som følgje av byggestoppen og har gått til søksmål.
No er det klart at partane møtest i Møre og Romsdal tingrett til rettssak frå 18. november, ifølgje Sunnmørsposten.
Bustadfirmaet meiner kommunen har brote plikta for rettleiing, unnlate å følgje opp lovpålagde pliktar, i tillegg til dei meiner det er gjort feil i saksbehandling frå kommunen si side.
Bakgrunnen er at det i praksis har vore byggestopp i Sula kommune i lengre tid. Årsaka til det, er at det ikkje finst godkjente løysingar for meir utslepp i kommunen.
Sula kommune meiner verken vilkåra for erstatning, eller årsakssamanheng, er oppfylt og avviser kravet, ifølgje avisa.
Publisert: 27.05.2024 21:00
Sist oppdatert: 27.05.2024 21:00