Markhus bolig Byggmester Markhus Foto Paula Zwolenski
SLUTT: Byggmester Markhus slapp unna konkurs tidlegare i 2025, men no er det slutt. Foto: Paula Zwolenski
Kort fortalt

Byggjefirma slått konkurs – 100 mistar jobben

Byggjeprosjekt blir stansa etter Bergen-firma gjekk over ende.

05.01.2026

(NPK-NTB): Eitt av Bergens store byggjefirma, Markhus, slår seg konkurs etter at det kom eit momskrav frå Skatteetaten. Rundt 100 tilsette står utan jobb på nyåret.

Det melder Bergens Tidende og Bergensavisen måndag.

– I dag tenkjer eg først og fremst på kollegaene mine som blir hardt ramma når dei no står utan arbeid. Dette er ein tung beskjed å få for mange som hadde første dag tilbake på jobb etter ferien, seier hovudtillitsvalt Eirik Lærk Thorsen til BA.

Det var rundt 100 tilsette som valde å bli etter at det i 2024 og 2025 vart gjennomført ein rekonstruksjon i selskapet, som då stod på randa av konkurs. Alle desse mistar no jobben.

Veslejulaftan fekk Byggmester Markhus eit momskrav frå Skatteetaten, der heile kravet frå perioden før rekonstruksjonen vart kravd betalt.

– Dette klarer dei ikkje, seier advokaten til selskapet Egil Horstad til BT.

Byggjeprosjekt som Markhus er i gang med, blir straks stansa.

(©NPK)

Publisert: 05.01.2026 14:33

Sist oppdatert: 05.01.2026 14:33

Mer om