Strekningane det gjeld er Hareid - Sulesund og Magerholm- Sykkylven.
Dette opplyser Enova i ei .
Enova har investert 88,2 millionar kroner i landanlegga for å leggje til rette for straum.
Tilskotet kjem etter at Møre og Romsdal fylkeskommune tar til orde for å elektrifisere ferjesambanda frå 2019 og 2020.
– At vi no kan vere med på å elektrifisere ferjesamband der ferjene har ei liggetid ned mot fattige fem minutt, viser kor raskt ladeteknologien går framover. Dette kan opne for å elektrifisere langt fleire ferjesamband enn kva som har vore muleg før, seier marknadsdirektør Audhild Kvam i Enova, i pressemeldinga.
Fylkesordførar Jon Aasen seier i pressemeldinga at det er reiarane sjølve som bestemmer teknologien, men at krava i anbudsteksten, slik han kjenner den, gjer at ein for Magerholm–Sykkylven kan få tilnærma 100 prosent drift basert på straum fra land, og for Hareid–Sulesund om lag 75 prosent.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut dei to ferjesambanda. Støtten frå Enova sikrar at det kan stillast strenge krav til energibruk og klimagassutslepp.

Publisert: 01.09.2016 10:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44