(NPK): For tida er tolv brønnbåtar og ei rekkje mindre båtar til oppdrettsnæringa under bygging i Noreg.
Fleire norske skipsverft har no fylt opp ordrebøkene med lokalitets- og arbeidsbåtar, servicefartøy, katamaranar og brønnbåtar. Det er særleg mange brønnbåtar som blir bygde. Dei tolv båtane som blir til på norske verft har ein snittpris på om lag 300 millionar kroner. Det gir investeringar for 3,6 milliardar kroner. Det er brønnbåtboom, melder .
Årsaka er at ein sterk kontantstraum, kombinert med avgrensa volumvekst for oppdrettsnæringa, gir gode vilkår for investeringar i nytt utstyr og materiell. Oppdrettsselskap, reiarlag og serviceaktørar byter til moderne fartøy for å vere betre rusta mot moglege tilbakeslag og utfordringar som kan komme. (©NPK)

Publisert: 04.01.2016 08:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49