(NPK): Talet på tilsette i byråkratiske stillingar veks i eit langt høgare tempo enn andre stillingar.
Byråkratiske yrke veks stadig, trass i alle idear om slanking av organisasjonar, delingsøkonomi, og andre effektiviserings- og leiingsidear. Frå 1983 til 2014 auka talet på leiarar, mellomleiarar og støttepersonale med 90 prosent, medan talet på tilsette i andre yrke auka med 40 prosent, skriv forskarar i .
På nokre område har byråkratiet vekse endå meir, som helse og utdanning. Ved Universitetet i California dobla talet på leiarar og administratorar seg mellom 2000 og 2015, medan talet på studentar berre auka med 38 prosent.
Forskarane finn at selskapa på aksjeindeksen S&P 500 har redusert innkjøpskostnadane, men ikkje har redusert dei administrative kostnadane.
Den same byråkratiske trenden finn dei i andre OECD-land. Til dømes har delen leiarar og mellomleiarar i Storbritannia vekse frå 12,9 prosent i 2001 til 16 prosent i 2015. (©NPK)

Publisert: 06.07.2016 16:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45