(NPK): Gardbrukarane hadde i alt 76,5 milliardar kroner i gjeld i 2014, ein auke på 2,7 milliardar kroner frå året før. Per bonde utgjorde gjelda 1,9 millionar kroner. Om lag 13 prosent av gardbrukarane hadde meir enn 4 millionar kroner i gjeld.
Det går fram av tal frå Statistisk sentralbyrå.Jordbruksbedriftene varierer mykje i storleik og produksjon -frå hobbyprega produksjon til bedrifter med millionomsetning. Dette er den viktigaste årsaka til variasjon i næringsinntekter og gjeld, fortel SSB.
Den samla gjelda til bøndene i 2014 på 76,5 milliardar kroner omfattar både privat gjeld og næringsgjeld. I alt 19 prosent av gardbrukarane hadde mindre enn 100.000 kroner i gjeld, mens knapt 13 prosent hadde 4 millionar kroner eller meir i gjeld.
Gjelda per bonde varierte frå 1,1 million kroner på sauebruk til 4,9 millionar kroner for bønder med blanda husdyrproduksjon og svin/fjørfe. Om lag 51 prosent av brukarane med svin/fjørfe hadde meir enn 4 millionar kroner i gjeld. Tilsvarande del for brukarar med driftsforma sau var 4 prosent.
I 2014 var næringsinntekta frå jordbruket 174.000 kroner per bonde, dette er snautt 9.000 kroner meir enn året før. For dei 28.800 gardbrukarane som hadde positiv næringsinntekt frå jordbruk, var den gjennomsnittlege jordbruksinntekta 244.000 kroner. Totalt utgjorde jordbruksinntekt 29 prosent av samla bruttoinntekt for gardbrukarane.

Publisert: 05.02.2016 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48