Bønder får straumstøtte
Vert inkluderte i straumordninga.
Regjeringa vil sørgje for at landbrukskundar får straumstøtte på lik linje med andre hushald frå desember til mars.
Ifølgje regjeringa risikerer mange hushald som driv landbruksverksemd, å falle utanfor straumordninga fordi gardsbruket kan vere registrert i sluttbrukargruppe næring hos nettselskapa.
Berre hushald skal få støtte til å betale straumrekninga, har regjeringa bestemt.
«Regjeringen vil sikre at landbrukskunder får stønad på samme vilkår som andre hushaldningar for perioden desember – mars, enten gjennom etterbetaling for januar på nettleiga for februar eller gjennom andre ordningar», skriv regjeringa i proposisjonen sin, som vart offentleggjord torsdag ettermiddag.
Landbrukskundane må skiljast ut i ein eigen kategori for å bli inkludert i ordninga.
«Dette skal gjennomførast så raskt som mogleg», heiter det i proposisjonen.
Publisert: 16.12.2021 15:32
Sist oppdatert: 16.12.2021 15:33