(NPK): Noreg må gjer som Saudi-Arabia og pumpe opp olja før ho blir upopulær og ulønsam.
Det seier sjefen ved energiavdelinga til storbanken Citi, amerikanaren Seth Kleinmann, til Dagens Næringsliv.
I staden for å bremse produksjonen og investeringa, bør Noreg pumpe opp mest mogleg før klimaendringa set ein stoppar etter 2025, meiner Kleinmann.
– Om verda aggressivt går inn for å nå togradarsmålet, vil etterspurnaden etter olje toppe seg i 2025 og deretter falle kraftig. Dette bør vere ein vekkjar for Noreg, Saudi-Arabia og Russland, seier han til avisa.
Kleinmann meiner Noreg må gjere som dei andre to landa, å forsvare marknadsdelen og godkjenne fleire prosjekt. Sjeføkonom i Statoil Eirik Wærness er ueinig i argumenta til amerikanaren.
– Det er viktig å ha litt perspektiv. I togradersscenarioa til Statoil og IEA (Det internasjonale energibyrået, red.anm.) er det behov for betydelege mengder olje fram til 2040, og forbi, for å dekkje etterspurnaden. (©NPK)

Publisert: 11.11.2015 11:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50