Kort fortalt

Bør satse på éin by

Vil satse på Ålesund.

18.01.2016
(NPK): Møre og Romsdal bør satse på éin by dersom ein skal styrkje seg mot Bergen og Trondheim, meiner prosjektleiar i Ålesund kunnskapspark Jan Petter Eide.
Nordvestlandet må styrkje seg i kampen mot dei to byane, meiner prosjektleiaren i innovasjonsselskapet ifølgje , og ser samtidig til nabofylka Hordaland og Sør-Trøndelag.
– Det vi ser er at dei har eit strategisk element, og det er éin større by, seier Eide, som meiner Ålesund er den einaste byregionen mellom Bergen og Trondheim som er i stand til å hamle opp med desse. (©NPK)

Publisert: 18.01.2016 13:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49