Kort fortalt

Børsdirektøren inn i fiskehandel

Ekspertgruppe skal forenkle førstehandsomsetnaden av fisk

06.07.2016
(NPK): Regjeringa ønskjer å betre marknadsmekanismane i førstehandsomsetnaden, og i tråd med sjømatindustrimeldinga er det no oppretta ei ekspertgruppe, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet onsdag.
– Førstehandsmarknaden og korleis denne fungerer har mykje å seie for omsetnaden av villfisk. Dersom vi skal auke verdiskapinga i sjømatnæringa treng vi gode og effektive marknadsplassar, og ekspertutvalet skal sjå på korleis vi kan få til det, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).
Ekspertgruppa blir leidd av Bente A. Landsnes, administrerande direktør på Oslo Børs.
– Med børsdirektør Bente A. Landsnes i førarsetet har vi fått på plass ei kompetent gruppe med brei fagleg samansetnad, og eg ser fram til å ta imot deira råd mot slutten av året, seier Sandberg.
Dei andre medlemmene i gruppa er Bent Dreyer, forskingssjef i Nofima, Ragnhild Balsvik, førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole, Sigrid Eskeland Schütz, professor ved juridisk fakultet ved Universitet i Bergen, og Kristjan Th. Davidsson, styremedlem i ei lang rekkje islandske og norske selskap. (©NPK)

Publisert: 06.07.2016 15:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45