Kort fortalt

Bøyer seg for papirkundane

DNB gir opp å få alle kundane over i nettbank.

30.01.2018
NPK-NTB: DNB erkjenner at banken tok feil då dei trudde dei skulle få alle kundane til å bruke digitale tenester. No vil banken lytte meir til dei analoge kundane.
Totalt brukar framleis rundt 200.000 norske kundar brev- og telegiro eller betalar rekningar og gjer uttak over skranke, skriv . Ifølgje direktør Hans Olav Rønningen ved DNBs kundesenter, er rundt 100.000 av dei DNB-kundar.
– Vi har trudd at vi kunne hjelpe alle til å bli digitale. Vi tok feil og innser no at vi har sprunge frå desse kundane, seier han.
Inntil nyleg har DNB visst lite om kva desse kundane synest om banken sin, sidan dei fleste kundeundersøkingar er gjort på e-post eller nett. No har banken snakka med rundt 400 analoge kundar på telefon.
– Mange har for eksempel frykta at brevgiro skal forsvinne, men vi ser at det for mange kan vere ein god måte å betale rekningar på. Ein del av dei som bruker brev- eller telegiro ser på dette som fantastiske løysingar, seier han.
Han seier at det ikkje blir aktuelt å opne att nokon av filialane som vart lagde ned for to år sidan, men seier at banken vurderer å ta fram nokre av dei gamle banktenestene som har lege «langt nede i skuffa».
Nordea og Handelsbanken opplyser til avisa at dei framleis prøver å guide kundane sine over på digitale plattformer.

Publisert: 30.01.2018 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40