Kort fortalt

Cecilie Skog gudmor for ny hurtigrute

Døyper MS Spitsbergen.

24.06.2016
(NPK): Ekspedisjonsfararen Cecilie Skog skal 6. juli døype det nye hurtigruteskipet MS Spitsbergen i Svolvær.
Den dagen blir både Richard With og Midnatsol liggjande ved kai i Svolvær saman med det mindre skipet, som reiarlaget Hurtigruten kjøpte frå Portugal i fjor. Den da uferdige passasjerferja har i vinter vorte bygd om til eit topp moderne ekspedisjonsskip på Fosen.
Spitsbergen skal i sommar følgje MS Lofoten på norskekysten og erstattar til hausten MS Midnatsol, som da skal på cruise til Antarktis. (©NPK)

Publisert: 24.06.2016 13:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45