Kort fortalt

Coop sel færre eingongsgrillar

Berre seld 50.000 i år.

10.07.2019
NPK-NTB: Coop har merka ein nedgang i salet av eingongsgrillar dei siste åra. Kjeda trekker fram tørke og eldforbod i fjor og dårleg sommarvêr i år som forklaringar.
For to år sidan selde Coop 200.000 eingongsgrillar. I fjor fall salet med 20 prosent til 160.000, skriv Nationen. Hittil i år er det selt 50.000 av dei omstridde grillane.
– Årsaka er nok at sommaren i fjor var prega av tørke og forbod mot grilling utandørs, medan sommarvêret i år freistar mindre til impulsgrilling, seier kommunikasjonssjef Lise Mette Kjellberg i Coop Noreg.
Miljøengasjement kan nok òg ha noko å seie, seier ho og legg til at Coop oppmodar folk til å velje fleirgongsgrillar for å skåne miljøet.
Norgesgruppen trekte sine eingongsgrillar tidlegare i år fordi dei vart for varme på undersida. Men sjølv utan samanliknande salstal i år, har òg dei merka at salet har gått ned sida 2017.
(©NPK)

Publisert: 10.07.2019 08:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33