– No har vi hovudet litt over vatnet, seier dagleg leiar i countryfestivalen, Arve Kleppe.
Han kan glede seg over eit overskot på 655.000 kroner i fjor, ei forbetring på vel halvannan million samanlikna med det raude året 2014. Men han gler seg kanskje aller mest over at eigenkapitalen er auka frå urovekkjande låge 14.000 kroner i 2014 til litt meir komfortable 696.000 kroner i fjor.
– Akkurat det er vesentleg for å kunne overleve som festival. Det er ein konsekvens av godt resultat i fjor, men også av at stiftarane overførte dugnadskompensasjonen sin til eigenkapitalen, seier Kleppe til avisa.Festivalen Norsk countrytreff går i år av stabelen 14.– 17. juli. (©NPK)

Publisert: 20.05.2016 14:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46