NPK: Viking Cruises vil lage det første cruiseskipet med nullutsleppsteknologi i verda. Det skal gå på flytande hydrogen.
Reiarlaget la fram planane under Sjøsikkerhetskonferansen i Haugesund torsdag, skriv Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.
Skipet skal kunne frakte over 900 passasjerar og eit mannskap på 500. Det skal vere rundt 230 meter langt.
Aldri før har flytande hydrogen blitt brukt som drivstoff på skip. Stoffet må ha ein temperatur på minus 253 grader for at det ikkje skal fordampe, og dette er ei av utfordringane det framtidige skipet vil få. Det er ei brenselcelle som skal konvertere hydrogenet og vanleg luft til elektrisitet. Dette skal syte for framdrift og straum om bord i skipet.
Det blir produsert lite flytande hydrogen i Europa, men prosjektleiar Serge Fossati sa under konferansen at dei er i kontakt med Statoil for å diskutere ei eventuell norsk løysing.

Publisert: 29.09.2017 07:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41