Fleire av National Geographic sine cruisebåtar er i desse dagar på seglas på Nordvestlandet.
Måndag fekk Ulstein Verft telefon frå kapteinen om bord på National Geographic Resolution, som gjerne ville kome på eit spontanbesøk til byggeverftet.
Det opplyser kommunikasjonssjef Tonje Øyehaug Ruud i ein e-post, og fortel at skipet kjem til kai litt over klokka 16.
Dagen etter kjem National Geographic Endurance til Mjølstadneset i Herøy, på det første cruiseanløpet til kommunen.
Begge skipa har den karakteristiske X-Bow-designenen, og er bygd ved Ulstein Verft. National Geographic Endurance var det første fartøyet med eige design som Ulstein Group bygde for cruisemarknaden.
Skipa har plass til kring 260 personar om bord, og mannskapet utgjer litt under halvparten.
Publisert: 26.05.2025 15:54
Sist oppdatert: 26.05.2025 15:54






