Det planlagde cruiseanløpet til National Geographic Endurance i Herøy måndag 30. juni blei kansellert, ifølgje Vestlandsnytt.
Årsaka skal vere uventa utfordringar knytt til passkontroll og innreise, noko som gjorde at skipet kom forseinka til Ålesund og dermed ikkje rakk turen vidare til Fosnavåg.
Det får avisa opplyst av Linn Giske Friedl, dagleg leiar i Fosnavåg Cruisenettverk, og driftsingeniør Torger Kvalsund i Herøy kommune.
Tidlegare i sommar besøkte skipet Herøy for første gong.
Publisert: 30.06.2025 11:41
Sist oppdatert: 30.06.2025 11:41






