Tysdag morgon var ein historisk dag i Herøy med anløp av det første cruiseskipet til kommunen.
Dei kring 110 gjestane om bord på National Geographic Endurance blei møtt av ein velkomstkomité med norske flagg og ein bundadskledd ordførar i spissen.
Nokre minutt før klokka åtte kom dei første gjestane i land på Mjølstadneset.

– Dette ser veldig bra ut
Mellom cruiseturistane var det amerikanske ekteparet Larry og Nancy Jeckel frå den amerikanske delstaten Illinois. Dei var på sitt første cruise til Norge.
– Vi vil kome oss ut og møte folk. Dette ser veldig bra ut, seier Larry til Nett No om førsteinntrykket.
Amerikanaren – som også hadde bursdag tysdag - såg mellom anna fram til oppleve fugleøya Runde. Paret hadde fått med seg at dei var om bord på det første cruiseanløpet til kommune.
– Eg håpar at dei kjem tilbake hit, og at dette blir noko varig, legg Larry til før dei går om bord i bussen som skal ta dei til Runde.

Kjem tilbake seinare i sommar
Linn Giske Friedl frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre var mellom dei som møtte gjestane på kaia. Ho er cruiseansvarleg i reiselivsselskapet og representant for Fosnavåg Cruisenettverk.
– Det er kjempebra at dei kom, sjølv om det blei litt kort varsel. Det viser berre at vi får til det også. Vi håpar at dette blir det første av mange anløp, seier ho til Nett No.
National Geographic Endurance kjem også tilbake til Herøy i slutten av juni – som eigentleg var planlagt å vere første besøk.

På utkikk etter nye destinasjonar
Ålesund og Geiranger er dei mest populære destinasjonane for cruiseskip til Nordvestlandet. Men dei siste åra har også fleire hamnar fått slike besøk.
Friedl fortel at mange av cruiseselskapa har faste gjestar som dreg på tur med dei same skipa. Difor er dei heile tida på utkikk etter nye destinasjonar for dei reisande.
– I Herøy er Runde eit kjent namn og sjølve juvelen i tilbodet. Så håpar vi at dei skal få oppleve alt anna her med kunstgalleriet, Fosnavåg sentrum og etter kvart håpar vi at det kan bli utvida med besøk til Herøy Gard og kystmuseet, legg Friedl til.

Har to skip på cruise til regionen
James Hyde er ekspedisjonsleiar om bord for Lindblad Expeditions og fortel at skipet har vore i Bergen og Nordfjord, før dei kom til Herøy.
Før anløpa har dei kontakt med lokale reiselivsagentar for å lage ei best mogleg oppleving.
– Dei kjem med forslag til plassar vi kan besøke, så koordinerer vi eit opplegg som passar med seglasen, fortel han.
I sommar er både National Geographic Endurance og systerskipet National Geographic Resolution på seglasar til Norge. Neste år er det naturleg å legge seglasane til andre delar av verda, før dei planlegg å kome tilbake på nye turar seinare.

Oppdrag for lokalt busselskap
På Mjølstadneset er det lagt til rette for å ta i mot turistane med eige foajé og fasilitetar – og det tilhøyrande kunstgalleri R/Art. Målet er naturleg nok også at cruiseturistane skal legge att litt pengar til det lokale næringslivet.
Busselskapet West Auto med base i Ulsteinvik er mellom dei som har fått auka aktivitet dei siste åra som følgje av auke cruisebesøk til regionen. I samband med cruisebesøket i Herøy tysdag, hadde dei tre bussar i sving.
Sjåfør Ernst Bigset fortel at dei har avtaler med eit norsk bookingselskap, som tingar turar til gjestane som kjem på dei ulike cruiseskipa. I løpet av sesongen fraktar dei turistar frå både i Måløy, Nordfjordeid, Geiranger, Ålesund og Molde.
Publisert: 27.05.2025 09:14
Sist oppdatert: 27.05.2025 10:13






