Kort fortalt

Dei gamle er best

Dei eldste settefiskanlegga mest effektive.

17.02.2016
(NPK): Dei gamle er eldst, heiter det. No viser ein ny doktorgrad at kunnskap og erfaring kan vere viktigare enn ny teknologi for å oppnå ein effektiv smoltproduksjon.
Hilde Ness Sandvold har undersøkt økonomien i settefiskproduksjonen ved dei aller fleste anlegga i Noreg i åra 1988 til 2012. Men analysen gav ikkje heilt dei resultata Sandvold hadde venta, nemleg at settefiskanlegga med den nyaste teknologien skulle vere dei mest effektive.
– Det vi fann, var at dei som klarte å produsere mest effektivt, var dei eldste anlegga, dei som hadde halde på ei stund, seier Sandvold til Fiskeribladet Fiskaren.
Det tyder på at kunnskap og erfaring har mykje å seie, men òg at dei eldste anlegga òg ofte har fått velje den beste plassen med best mest vatn, meiner Sandvold. Regionale forskjellar er det òg.
– Dei aller mest lønnsame ligg i sør og dei minst lønnsame i nord. Det er ikkje så overraskande. Analysar på matfisk viser det same. Temperaturforskjellane er ganske store, og det verkar inn på settefisken òg, seier Sandvold.
Anlegga i sør var dessutan først ute, og har dermed mest erfaring.
Rogaland og Vest-Agder hadde dei mest effektive smoltanlegga, mens Finnmark og Troms ligg i den andre enden av skalaen.
Sandvolds avhandling viser elles at smolten har vorte vesentleg billegare å produsere. Mens prisen per smolt i 1988 var 15 kroner, var han i 2011 falle til 7,22 kroner. Prisen til oppdrettarane har hatt til tilsvarande utvikling. (©NPK)

Publisert: 17.02.2016 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48