Kort fortalt

Dei rikaste vel elbil

Kraftig vekst i elbilsalet.

14.04.2020
NPK-NTB: Tre av fire nyregistrerte bilar i Noreg i fjor var elbilar og vart kjøpte av hushald med den høgaste inntekta.
Tal frå slår fast at hushald med høg inntekt generelt kjøper fleire nye bilar enn hushald med låg inntekt.
I 2019 kjøpte 8,5 prosent av hushalda med høg inntekt nye bilar, mot 0,2 prosent blant dei med lågast inntekt.
Jo meir du tener, jo større er sjansen for at du vel elbil framfor bilar med fossil framdrift. Hushald med den høgaste inntekta kjøpte i fjor 37 prosent av alle nyregistrerte elbilar og 21 prosent av alle nyregistrerte fossilbilar.
Hushald på den nedste halvdelen på inntektsskalaen stod på si side for berre 10 prosent av innkjøpa av nye elbilar og 22 prosent av nye bilar som gjekk på bensin eller diesel.
Av dei rundt 74.000 privateigde nyregistrerte bilane i 2019 var nesten 46.000 elbilar og 28.000 fossilbilar.

Publisert: 14.04.2020 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28