(NPK-NTB): Ingen av oppdrettsgigantane Mowi, Salmar, Lerøy eller Grieg Seafood betalte noko i lakseskatt i 2023, ifølgje skattelistene.
Lakseskatten er på 25 prosent og vart innført 1. januar 2023. Skatten skal betalast for verdien fisken har når han blir drege over merdkanten.
Senterpartiets Geir Pollestad spurde finansminister Jens Stoltenberg (Ap) om kor mykje dei ulike oppdrettsselskapa enda opp med å betale det første året med såkalla grunnrenteskatt, populært kjent som lakseskatten.
Svaret frå Stoltenberg er altså null kroner, skriv NRK.
Dette gjeld alle dei store selskapa Mowi, Salmar, Lerøy og Grieg Seafood. Mowi opplyser at dei tolkar reglane slik at dei ikkje må betale skatt på fisken som stod i sjøen før lakseskatten vart innført. Oppfatninga er at det først er frå 2025 at ein får eit realistisk bilete av kva selskapa skal betale i lakseskatt.
– Derfor vil Mowi og mange andre vere oppførte med låg eller ingen grunnrenteskatt i 2023. Dette er ein eingongseffekt for 2023, ein delvis i 2024, og i 2025 vil vi komme i ein «steady state» kor symmetrien igjen er på plass, seier kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi til kanalen.
Selskapet er no i dialog med Skatteetaten og ventar på svar på om dei har rett tolking.
– Dette stadfestar det eg trudde og er ikkje i tråd med intensjonen bak skatten. Tanken har vore at dei største selskapa skal bidra mest, seier Pollestad til NRK.
(©NTB)
Publisert: 14.05.2025 17:56
Sist oppdatert: 14.05.2025 17:56





