(NPK-NTB): Oppdrettsselskapet Nekst har fått konsesjon til å byggje verdas største oppdrettsanlegg for laksesmolt på land utanfor Florø.
Selskapet Nekst fekk onsdag konsesjon til å byggje eit oppdrettsanlegg på størrelse med tolv fotballbaner på land, melder Dagens Næringsliv.
– Dette er ein langsiktig, industriell og berekraftig løysing for norsk oppdrettsnæring, seier gründer og dagleg leiar i Nekst, Kjell Audun Aasen.
Vanlegvis vert laksen sett ut når den er mellom 60 og 200 gram, men Nekst planlegg å vente til den har blitt ein kilo. Dermed kan ein unngå lakselusproblemet i større grad.
Anlegget har konsesjon til produksjon av opp til 20 millionar laksesmolt opp til ein kilo.
– Når fisken veks seg større på land, er den kortare tid i sjøen. Om laksenæringa skal vekse og auke produksjonen, er dette tiltak som kan gjennomførast utan særlege miljømessige konsekvensar, seier Jan Heggheim, som er fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane og som har gitt konsesjonen.
Målet er at anlegget, som er rekna ut til å koste mellom 2 og 2,5 milliardar kroner, skal vere i drift i 2019. (©NPK)

Publisert: 30.06.2016 13:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45