Kort fortalt

Deler ut 100 millionar til fartøyvern

Mange får støtte i nordvest.

25.02.2016
(NPK): Riksantikvaren fordeler millionpott til istandsetting av freda og verna fartøy over heile landet.
40 millionar ekstra i tiltaksmidlar over statsbudsjettet gjer at Riksantikvaren totalt kan fordele 100 millionar kroner til fartøyvern, opplyser Riksantikvaren på eigen .
– Kystkulturen fortel historia om Noreg. Det er eit betydeleg beløp vi no set av til fartøyvernet. I statsbudsjettet i år er det gitt ekstra tiltakspengar som bidreg til å styrkje den maritime kulturarven. Erfaringa viser at den støtta vi gir, utløyser ein stor innsats også frå dei frivillige, uttaler klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).
Det er 240 fartøy på vernelista til Riksantikvaren, 14 av desse er freda.
– Det er viktig at fleire av dei historiske fartøya våre er i drift, slik at flest mogleg kan oppleve fartøya i sitt rette miljø. Fartøyvernet er heilt avhengig av innsatsen frå dei frivillige og tildelinga i år er eit viktig supplement til arbeidet deira, seier riksantikvar Jørn Holme.
Tilskota for 2016 vil gjere at enkelte fartøy no kan bli ferdigstilte etter mange år med restaureringsprosjekt.

Publisert: 25.02.2016 23:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48